Erling Sande (Sp) skal leie Energi- og miljøkomiteen på Stortinget!

Senterpartiets stortingsgruppe har gjort oppnemningar til Stortingets komitear. Stortingsgruppa i Senterpartiet er blant dei yngste gruppene nokosinne, med ein gjennomsnittsalder på 37 år.

Erling Sande (Sogn og Fjordane) blir leiar av Energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Sande (30) er vararepresentant for Liv Signe Navarsete som er statsråd i regjeringa. Sande har vore medlem av Energi- og miljøkomiteen på Stortinget frå oktober 2007, og frå 2005 var han medlem av Familie- og kulturkomiteen.

SITATER FRA ERLING SANDE FRA PM SENDT UT FRA SP 1/10:
- Dette blir både spennande og utfordrande. Miljø og dei store klimautfordringane vi står ovanfor blir områder som er blant dei mest aktuelle sakene i åra som kjem og arbeidet vi gjer her vil vere særs viktig, seier Erling Sande. - Eg og Senterpartiet er opptatt av at Noreg er i front i klimapolitikken og ynskjer å bidra til ei større satsing på fornybar energi, reduserte utslepp og meir effektiv bruk av energien. På andre områder blir for eksempel det å bidra til at tilliten mellom lokalbefolkning og forvaltning når det gjeld rovdyr og utmarksnæring viktig, seier Sande, som gler seg til å ta fatt på oppgåva.

Vist 438 ganger. Ingen følger denne samtalen.
Annonse

Nye bilder